Her kan de søkje om barnehageplass

Hareid kommune skal, saman med kommunane på Søre Sunnmøre, frå barnehageopptaket 2019 ta i bruk eit nytt opptaksprogram.

Klikk for stort bilete Pexcels.com

Born som er fødd innan 30.11.2018 og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptak. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak med meir.

Born som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.


Kven kan søkje:

  • Nye søkjarar
  • Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

OBS 01.03.19: Vi har hatt feil på skjemaet for søknad om barnehageplass. Skjemaet fungerer no som det skal.  På grunn av problema vi har hatt har vi utvida søknadsfristane:

  • utvida søknadsfrist for hovudopptak til 5. mars 2019. 
  • ekstra utviding av søknadsfrist for barn som er fødde innan november 2018:  8.3.19. Desse vert vurdert som innkomne til hovudopptak

Søknadsskjema og meir informasjon om alle barnehagane finn de her. For å svare på tilbod om barnehageplass sjå her.

Ønsker de å kome på omvisning i barnehagane, er det berre å ta kontakt.

Søknadsskjemaet krev innlogging med ID-porten. Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, kan du bruke dette søknadsskjemaet.