Barnehageplass

Her kan du søke, stadfeste og seie opp barnehageplass i Hareid kommune.

Klikk for stort bilete Pexcels.com

Born som er fødd innan 30.11. og som er busett i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptak. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak med meir.

Born som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehagen den månaden dei fyller eitt år, utan krav om foreldrebetaling frå august.

Kven kan søke:

  • Nye søkarar
  • Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage

Søke barnehageplass

Søknadsskjema og meir informasjon om alle barnehagane finn de her.

Ønsker de å kome på omvisning i barnehagane, er det berre å ta kontakt.

Søknadsskjemaet krev innlogging med ID-porten. Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, kan du bruke dette søknadsskjemaet.

Stadfeste barnehageplass

Når du har fått tilbod om barnehageplass, må du takke ja eller nei til dette tilbodet. For å svare på tilbod om barnehageplass sjå her.

Seie opp barnehageplass

Dersom du ønsker å seie opp barnehageplassen gjer du det her
Utdrag frå Hareid kommune sine vedtekter for kommunale barnehagar:

§7 Opptak/oppseiing
i "Ein plass kan berre seiast opp skrifteg med ein månads varsel fram til 1. mars.  Etter dette er oppseiingsfristen 2 månadar fram til 1. juli. Oppseiingstida byrjar alltid den 1. i månaden etter oppseiingsdato"

OBS: For privat barnehage, sjå barnehagen sine eigne vedtekter.

Oppseiing frå kommunen

Ved manglande betaling kan kommunen seie opp din barnehageplass.
Dei føresette får melding om oppseiing med éin månads frist.
Uteståande foreldrebetaling vil elles bli lagt til grunn som avslag på plass ved seinare barnehageopptak og opptak til skulefritidsordningar.