Skulefritidsordning (SFO)

Tenesta skal gi tilsyn,omsorg og tryggleik til barn i alderen 6-9 år før og etter skuletid og i skulefrie periodar. Tenesta skal gi høve til frileik, kvile og ha eit pedagogisk innhald. Det kan vere tilbod om enkelt måltid. Rektor er pedagogisk og administrativ leiar.

Kva skule har skulefritidsordning (SFO)?

• Bigset skule - tlf. 70037660
• Hareid skule - tlf. 70037630
• Hjørungavåg skule - tlf. 70037675

SFO ved skulane er ope etter skuleruta. Når det er ferie i skuleåret, får borna tilbod ved Hareid SFO etter påmelding. Hareid SFO har sommarstengd i vekene: 28, 29, 30 og 31.

Korleis få plass ved SFO?

Søknadsfristen er kunngjort i lokalpressa og på Hareid kommune si heimeside. Ved søknad om plass utanom årleg søknadsfrist, vil opptak vere avhengig av om det av økonomiske og praktiske omsyn er mogleg å tilpasse eit tilbod. SFO er eit tilbod til barn i 1.-4. klasse. Ved stor søknad skal barn frå 1. og 2. klasse prioriterast, det vert loddtrekning blant dei eldste elevane. Barn med særlege behov i 1.-7. klasse får tildelt ordinær plass ved SFO. Plass i SFO gjeld frå tildeling fram til og med 4. klasse eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen.

Søknad om plass i skulefritidsordninga

Rektor ved Hareid skule har ansvar for opptak av barn til ferietilboda. Det vert kravd ekstra betaling for ferieopphald. Søknad om ferietilbod skjer ved eigen SFO.
Søknadsfrist: 15. april.

De kan endre og sei opp SFO-plassen via dette skjemaet.

Innbyggarar som ikkje har tilgong på ID-porten eller som ikkje er busatte i Hareid kommune, kan nytte dette skjemaet.

 
Betalingssatsar for skulefritidsordning (SFO)
Tilbod Sats utan rabatt Sats med 30% rabatt Sats med 50% rabatt
25 t/v opphaldstid 2 950 2 065 1 475
15 t/v opphaldstid 2 212 1 548 1 106
Einskildtimar (utover avtala opphaldstid) 70
Ferietilbod – timesats kr 50,- (inkl. mat)

 

Kontakt

Vivian Johansen
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 61
Mobil 918 20 023
Hege Tretnes
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 31
Mobil 971 13 912
Cecilie Bjørlykke
einingsleiar/rektor
E-post
Telefon 70 03 76 76
Mobil 975 20 931