Skulehelsetenesta

Born og unge har lovfesta rett til skulehelseteneste i barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Omtale av tenesta

Målgruppa er skuleelevar i grunnskule og vidaregåande skule og deira familiar.

Skulehelsetenesta er ei førebyggjande teneste som kommunen er pålagd å ha. Du kan sjølv ta kontakt eller borna får innkalling etter retningslinjer for tenesta.

Helsestasjonen samarbeidar med lege, skule, fysioterapeut og psykiatrisk sjukepleiar. Ved behov PPT, barnevern og sosialkontor

Oppvekstmiljø og helse hjå born og unge står sentralt i dette arbeidet, og innsatsen skal særleg rettast mot:

  • Psykososiale vanskar
  • Belastningslidingar
  • Skadar og ulukker
  • Astma, allergi og inneklimasjukdomar
  • Ernæring og aktivitet
  • Røyk og rusfrie miljø

Skulehelsetenesta tek utgangspunkt i desse satsingsområda. Metodane i dette arbeidet er helseopplysning, foreldre- og elevveiledning, individuelle helseundersøkingar og vaksinasjon. I tillegg vert det gitt tilbod om utvida støtte og hjelp ved behov.

Helseundersøkingar og vaksiner på barne og ungdomstrinnet:

5.- åringane får tilbod om skulestartundersøking: 

  • Individuell konsultasjon. Hørselvurdering, synsundersøking, vekt og høgdemåling samt individuelt tilpassa legeundersøking. Målretta samtale med foreldra
  • Helseopplysning i gruppe i barnehagen.

2.- klassingar får fylgjande tilbod:

  • Påfyll av vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste

3.- klassingar får individuelt tilpassa tilbod:

  • Måling av høgde, vekt
  • Individuell tilpassa helseundersøking
  • Helseopplysning om aktuelle tema i samla klasse eller gruppe

4.-klassingane får fylgjande tilbod:

  • Helseopplysning i gruppe

5.-klassingane får fylgjande tilbod:

  • Helseopplysning i gruppe

6.-klassingane får fylgjande tilbod:

  • Helseopplysning i samla klasse eller gruppe
  • MMR- vaksine ( mot meslingar, kusma og raude hundar)

7.- klassingane får fylgjande tilbod:

  • Helseopplysning i samla klasse eller gruppe
  • HPV- vaksine

8.- klassingane får fylgjande tilbod:

  • Individuelt tilpassa veiledningssamtalar
  • Rutinemessig måling av vekt og høgde.
  • «Jentesnakk» i grupper

9.- klassingane får fylgjande tilbod:

  • Reunion for "Jentesnakk" i grupper

10.- klassingane får fylgjande tilbod:

  • Påfyll av vaksine mot difteri, stivkrampe, polio og kikhoste
  • Helseopplysning om seksualitet i samla klasse eller gruppe

I tillegg har helsesøster ved ungdomsskulen opa trefftid ved skulen tysdager og fredager.

Kontaktinformasjon

Postadresse - Helsestasjonen, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Besøksadresse - Finsgardmarka 8
Tlf. 70 03 77 50

  • Hareid skule: Wenche Kristin Relling
  • Hjørungavåg skule: Wenche Kristin Relling
  • Brandal friskule: Wenche Kristin Relling
  • Bigset skule: Hanne Voksøy
  • Hareid ungdomsskule:Siri Berntsen

Det er ikkje alltid vi kan ta telefonen, send oss då ein sms eller mail,og vi vil ta kontakt med deg så snart vi kan.

 

Klage

Dersom du ikkje er nøgd med tenesta som helsestasjonen tilbyr, kan du klage til leiande helsesøster eller leiar for helse- og koordinerande eining. Dersom du meiner at du ikkje har fått fagleg forsvarleg hjelp på helsestasjonen, kan du klage til fylkeslegen.

Lover og retningsliner

Foreskrift om helsestasjons- og skulehelsetenesta 

Veileder for helsestasjons- og skulehelsetenesta (2003) 

Kontakt

Ann Elin Skeide
Leiande helsesøster
E-post
Telefon 70 03 77 61
Mobil 954 61 323
Wenche Kristin Relling
Helsesøster
E-post
Telefon 475 07 791
Mobil 475 07 791
Hanne Voksøy
Helsesøster
E-post
Mobil 954 72 968
Siri Berntsen
Helsesøster
E-post
Mobil 954 67 841