Stenger Kyrkjegata – Soffibakken open

I samband med vatn- og avlaupsprosjektet i sentrum vil Kyrkjegata bli stengd.

No er det Kyrkjegata sin tur til å bli stengd. Erlend Friestad  

Det store vatn- og avlaupsprosjektet mellom Soffibakken og Pålhaugane er godt i gang. Arbeidet går etter planen og vi har ikkje møtt på noko problem enno.

Arbeidet i Soffibakken har kome så langt at vegen no er open. Her gjenstår asfalt og kantstein.

No er det Kyrkjegata som står for tur. Gata vert stengt mellom Soffibakken og Mjølkevegen, men det det vert tilgang til eigedomane. Delar av Kyrkjegata vil vere stengd fram til sommaren.

Her kan du lese meir om prosjektet.