Turisme og reiseliv

Hareid sentrum ein sommardag - Klikk for stort bileteHareid sentrum ein sommardag Ottar Røyset Hareid – ei bygd, lukkeleg inneklemt mellom byar, så uendeleg full av opplevingar og moglegheiter! 

Kultur og fritidsaktivitetar står i kø. Fjorden, fjellet og dei store naturopplevingane ventar på deg. 
Hareid, sentralt på Sunnmøre, eit knutepunkt for kommunikasjon. 
 

Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: Trude Kristin Dalen Biblioteket.jpg Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Jan O. Nevstad Flytebrygga på ytre Hareid Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Gangvegen mot Brandal | Fotograf: Ottar Røyset Fotograf: Silja Øvrelid Magisk stemning på Grimstadvatnet | Fotograf: Kristina E. Grimstad Fotograf: Karianne Eidsvik Fotograf: Johnny Berge Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Båt på land ved Grimstadvatnet | Fotograf: Kristina E. Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Trude Kristin Dalen Flyfoto av Hareid sentrum | Fotograf: Per Eide Hareid sentrum ein sommardag | Fotograf: Ottar Røyset Fotograf: JS Norge Molområdet i Hareid omkransa av frostrøyk og strålande sol. | Fotograf: Victoria Ernstsen Hareid stadion sett frå Melshornet | Fotograf: Andreas Moldskred Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Trude Kristin Dalen Frostrøyk i Hareidsvika | Fotograf: Victoria Ernstsen Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Trude Kristin Dalen Greiner | Fotograf: Victoria Ernstsen Hjørungdalsvatnet | Fotograf: Sten Øvrelid Flott badestrand i sørenden av Snipsøyrvatnet | Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Varden på Holstadhornet | Fotograf: Hareid kommune Nydelege kaldholosen i nordenden av Snipsøyrvatnet | Fotograf: Sten Øvrelid Fotograf: Trude Kristin Dalen Benk på Kvitneset med utsyn mot sjøen | Fotograf: Victoria Ernstsen Frå Kvitneset med Skolma på venstre sida | Fotograf: Victoria Ernstsen Blad i dam | Fotograf: VictoriaErnstsen Skolma og Buhammaren | Fotograf: Victoria Ernstsen Sjø mot svaberg | Fotograf: Victoria Ernstsen Kvitneset solnedgang | Fotograf: Ole M Johnsen Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Hjørungdalsvatnet - Leik på isen | Fotograf: Ole Frank Bakken melshorn.jpg Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: JS Norge Sjø og himmel | Fotograf: HelgaBøeGrimstad Blåklokke med sanden og monumentet i bakgrunnen | Fotograf: Victoria Ernstsen Rognebærkvist i sand | Fotograf: Victoria Ernstsen Rognebærkvist på sand | Fotograf: Victoria Ernstsen Nydeleg badestrand på Ovra med nasjonalmonumentet på enden av neset. | Fotograf: Anna Håkonsholm Sommardag på Ovrasanden  | Fotograf: HK -  JS Design Fotograf: Anna Håkonsholm Olaplassnaustet | Fotograf: HelgaBøeGrimstad Fotograf: JS Norge Ro i naturen | Fotograf: Sebastian Giuletti Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Fotograf: JS Norge Rotarystien mot "Vadbakkbrua" | Fotograf: Victoria Ernstsen sept14.jpg Fotograf: Sindre Grimstad Snipsøyrvatnet - Holesanden | Fotograf: Helga BøeGrimstad Sol gjennom skyene | Fotograf: Sebastian_Giuletti Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Helga Bøe-Grimstad Nydeleg soloppgang over Hareid | Fotograf: Raymond Bigset Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Hareid folkebibliotek Fotograf: Ole M. Johnsen Varden på Holstadhornet | Fotograf: HK Måneskinn ein vinterkveld i Kvitholen | Fotograf: Sindre Grimstad Fotograf: Trude Kristin Dalen Fotograf: Trude Kristin Dalen


Verdt å sjå:

Monumentet ved Hjørungavåg
I 986 sto det eit avgjerande slag ved Hjørungavåg i Hareid, der Håkon og Eirik Jarl sin seier over Jomsvikingene var et viktig steg mot rikssamlinga i Norge.
Ved Ovrasanden kan du besøke det flotte nasjonalmonumentet over slaget. I tillegg kan du på Leira, innerst i vågen, sjå ein stor bautastein reist til minne om slaget ved Hjørungavåg.
Nasjonalmonumentet er laga av kunstnaren Einar Magne Flø. Kunstnaren Einar Magne Flø seier dette om monumentet:Monumentet på Ovrasanden - Klikk for stort bilete Sigurd Overa
Monumentet består av fire like former som reiser seg som til hogg eller slag.
Det er eit noko stilisert utsnitt av Osebergskipet sin form som er nytta til dette.

Osebergskipet var nok ikkje med i slaget mellom Håkon Jarl og Jomsvikingane år 986, men det er eit velkjendt symbol som her viser tilbake til vikingtida. Skipet som symbol er også nytta for å vise at slaget var eit sjøslag.
Samtidig som desse skipsformene peikar på kvarandre som til strid, ber dei også, samla sett, i seg eit uttrykk av ein hyllest til det storslåtte og majestetiske landskapet omkring slagstaden. Og at kampen mot den framande fiendehæren her vart kruna med hell.
Utdrag frå: Peder Fritz Waage: Slaget ved Hjørungsvåg år 986  - Eit 1000-års minne

Altertavla - Hareid kyrkje
Hareid kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1877 i tre. Altartavla frå 1660 er det største kunstverket i Hareid kyrkje. Tavla kom frå Stavanger Hospitalskirke og var laga av skotten Anders (Andrew) Lawrenceson Smith. 
For meir informasjon om altertavla gå til Hareid sokn sine sider:Hareid sokn - altertavla

Bautasteinen på kyrkjegarden
På kyrkjegarden står ein bautastein, om lag 40 meter NV for tårnet på kyrkja. Den er 2,5 meter høg, 50 cm brei og 20 cm tjukk
Om denne steinen skriv Hans Strøm:"På kirkegården står en høy bautastein, eller hedensk liksten, som synes vise at man ved kristendommens begynnelse her i Norden har anlagt kirkene der vor forfedrene havde deres begravelser."
Steinen knyter her ein uavbroten samanheng med forhistorisk tid, ein kultustad og ein samlingsstad for bygdelaget.(Kjelde:Bygdebok for Ulstein og Hareid, bind V).

Bygdetunet Vonheim
Heimegard for ei av dei store kunstnarfamiliane i Hareid, gitt i gåve til Hareid kommune. Vonheim - Klikk for stort bilete HK

Rasofiel Rise var komponist, starta fleirstemt korsong i Hareid rundt 1860, far til 12, der mange gjorde kunstnarleg karriere, m.a. John Olav(1885-1978)fotograf, Hermod (1888-1953)kunstmalar. Huset blir restaurert med stor frivilleg innsats og det vert arbeidd for å bygge opp ei grindløe som skal huse deler av den store kulturelle skatten denne familien har gitt kommunen.

Fyrstereisguten
Fyrstereisguten er eit minnesmerke over alle dei som reiste på sjøen i ung alder. Hareid kommune er ei bygd med stolte fiske og fangst tradisjonar. 
Fyrstereisguten vart avduka i samband med offisiell opning av Hareid trafikkterminal 13. oktober 2001. Kunstnar Tore Bjørn Skjølsvik

Gamlebanken på Rise
Hareidlandet sin første bankbygning, bygt i 1828, frå 1867 -1916 "Ulfstens og Hareids offentlige Bank". Bygget har også vore brukt til omgangsskule, møtestad for kommunale nemnder og råd og religiøse møte. Viktige delar av eksteriør og interiør er autentisk.

Ishavsmuseet Aarvak

Ishavsmuseet Aarvak - Klikk for stort bilete JS Norge

 

Ishavsmuseet og fangstskuta Aarvak ligg i Brandal. Brandal var sentral base for fiske og fangst i arktiske område. Målet til museet er å ta vare på dei rike tradisjonane knytt mot dette. Den eldste polarskuta i sitt slag Aarvak kan de sjå på museet saman med 1600 andre registrerte gjenstandar og ustoppa dyr slik som moskus, polar ulv, isbjørn, sel og artiske fuglar.

Ishavskjerringa ved Ishavsmuseet Aarvak
Eit monument til minne om kvinnene som hadde ansvaret heime når mannen var på Ishavet. Eit minne om deira store innsats og ansvar for barneflokk, besteforeldre og heimegard, medan mennene var på Ishavet. Kunstnar Tore Bjørn Skjølsvik 

Monumentet "Tidskifte" Monumentet "Tidskifte" er plassert i rundkøyringa midt i Hareid sentrum.
Tidskifte  - Klikk for stort bilete HK
Det vart avduka i 2001 og var det første rundkøyringsmonumentet i Møre og Romsdal.
Monumentet symboliserer Hareid si fortid, notid og framtid. Dei tre pilene symboliserer slaget ved Hjørungavåg i 986, og er også sentrale i kommunevåpenet til Hareid.
Monumentet har fått stor merksemd då ei av pilene til tider skjelv utan at ein veit kvifor. Trass i mange ulike teoriar er dette i dag framleis eit uløyst mysterium. Kunstnar Roger Wagland 

Prestestova ved kyrkja
Prestestova er truleg eldste huset i kommunen, bygt før år 1600. Bygda sitt første rådhus, der heradstyret, formannskapet og seinare soknerådet, heldt sine møte. I dag er stova eit lite museum. Gamle prestebustaden - Klikk for stort bilete Sindre Grimstad

 

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 28.07.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering