Legg deg i Oslo – vakn opp i Hareid!

Vy har lagt om nattbussruta. No kan du sitje på same nattbuss frå Oslo til Hareid - og tilbake.
Klikk for stort bileteNo går nattbussen heilt til Hareid slik at ein slepp å byte buss. Mads Kristiansen/Vy  

Bussen går frå Oslo klokka 23 og køyrer E6 til Dombås før den tar E136 over Bjorli og til Åndalsnes. Deretter går turen langs E39 før den går til Sulesund og er framme på Hareid ferjekai 08:23.

Endestasjon er Volda (via Ulsteinvik).

Tidlegare har ruta gått over fjellet til Volda. Då har endestasjonen våre Ulsteinvik. Det har betydd busskifte for dei som skulle til og frå Hareid.

Skal du ta nattbussen til hovudstaden går den frå Hareid kl 21:28 og er framme i Oslo kl 06:37, ifølgje rutetabellen.

Her kan du sjå rutetabellen.