På denne tomta kan du få 30 minutt ekstra kvar dag. Kva vil du bruke dei på?

På denne tomta kan du få 30 minutt ekstra kvar dag. Kva vil du bruke dei på?

Trene? 
Sjå film? 
Pusse opp? 
Gå på fjellet? 
Vere med vennar? 
Få unna husarbeidet? 
Lage skikeleg middag? 
Kvalitetstid med familien? 
Sove lenger om morgonen? 

Dronebilete frå feltet som viser utsikt nordover. - Klikk for stort bileteDet er god utsikt frå heile bustadfeltet. Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

24. november 2025 kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Har du funne ut kva tomt du vil ha, kan du melde det inn via dette skjemaet.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Hareid kommune er #5minuttsbygda. Her er det kort avstand til alt du treng i kvardagen. Er du heldig, kan du bruke så lite som 5 minutt til jobb. Det er ikkje uvanleg å ha mindre enn 15 minutt frå utgangsdøra til arbeidsplassen.

I Oslo-området eller i andre storbyar, er du heldig om du har 30 minutt frå dør-dør (i tillegg må du kanskje ein omveg for å levere i barnehage). 

Som innbyggar og arbeidstakar i Hareid kommune, vil du dermed kunne spare minst 2x15 minutt kvar einaste arbeidsdag, versus å bu i storbyen. 

Utsiktstomtane på Plassane ligg ein kort gå- eller sykkeltur frå Hareid sentrum. Interessert?

Frå 24. november 2025 kan du reservere tomt. Frist for å vere med i trekninga er 5. januar.

22. november klokka 1330 og 28. desember klokka 12 blir det visning i feltet. 

LES OGSÅ: Les meir om bustadfeltet her 

Artikkelliste