Utsiktstomter med kort veg til alt

Utsiktstomter med kort veg til alt

Plassane byggefelt ligg sentralt i Hareid sentrum, med kort veg til masse servicetilbod.

Det ferdige tomtekartet ser slik ut.

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

24. november 2025 kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Totalt skal vi selje 37 einebustadtomtar. I tillegg vil det vere tre område for konsentrerte bustadar, som firemannsbustadar og liknande. Alle tomtene er sjølvbyggartomtar. De fire tomtene som ikkje er for einebustadar, kan vere interessante for utbyggarar.

Infrastrukturen skal vere ferdig til juni 2025.

Salstart er 24. november 2025 - med frist til 5. januar for å melde interesse.

På feltet vil det vere til saman fem leikeplassar.

Det er kort veg til Hareid sentrum, skule, barnehage og fritidsaktivitetar.

Klikk her for å få oversikt over pris og areal på dei enkelte tomtene.