Slik melder du di interesse

Slik melder du di interesse

Salstart for tomtene er 24. november 2025.

Bilete med tomtekarte lagt over - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Frå 24. november 2025 kan du melde interesse for tomt. Det kan du gjere via eit skjema som då blir opna.

Slik går du fram

  1. Finn tomta di: Klikk her for oversikt over pris og areal.
  2. Send søknad innan fristen: Du må fylle ut «skjema – søknad om tildeling av tomt» (opnar 24. november) og sende det til Hareid kommune innan 5. januar 2026. 
    • Du må vere over 18 år.
    • Éin søknad per husstand per tomt (men kvar husstand kan søke på fleire tomter).
  3. Loddtrekning ved stor interesse: Dersom fleire søkarar ønskjer same tomt, blir tildeling avgjort ved loddtrekning. Du får beskjed om tidspunkt og kan vere til stades.
  4. Aksepter tilbodet: Har du fått tildelt tomt, må du signere kjøpekontrakt innan tre månader.

 

Pris og vilkår

  • Tomtene seljast til fastpris per kvadratmeter basert på sjølvkost.
  • I tillegg kjem oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift og tilknytingsavgifter.
  • Bygging kan starte når tomta er skøyta over til deg.
  • Dersom du ikkje har sendt komplett byggesøknad innan to år, kan kommunen kjøpe tomta tilbake til same pris.

 

LES OGSÅ: Utfyllande reglement for kjøp av kommunale bustadtomter i Hareid kommune(PDF, 139 kB)