Leige av kommunal bustad

Leige av kommunal bustad

Kommunal bustad er eit tilbod til deg som ikkje klarer å skaffe deg eigna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp, eller trenger spesiell tilpassing på grunn av alder, bevegelses- eller utviklingshemning.

Du må vere utan egna bustad og ikkje i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Det må vere dårleg økonomi, dårleg helse eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffe deg ein plass å bu. Det at du har lav inntekt, er ikkje alltid nok til å få kommunal bustad. 

Bustadane er som hovudregel mellombels hjelp. Kommunal bustad er for dei som ikkje klarer å skaffe seg eigna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. Normalt leiger vi ut kommunale bustadar for tre år av gongen. 

Inntekt og formue
Andre bustadverkemiddel
Alder
Butid
Noverande bustad
Helsemessige- og sosiale forhold
Misleghald
Tidlegare tilbod
Klage

Her kan du søkje om kommunal bustad digitalt. Kobo heiter systemet og det er utvikla av Husbanken. Det er enkelt, brukarvenleg og laga for å ivareta ditt personvern. Det er Utleigeansvarleg på kommunal eigedom som mottek og behandlar din søknad om kommunal bustad.

Skjema for søknad om kommunal bustad.

Skal du ettersende dokumentasjon?

Har du søkt digitalt, kan du gå til din søknad for å ettersende dokumentasjon. Der kan du også fylgje saka di og sende melding til din saksbehandlar.

Du kan søkje om bustønad når du bur i dei kommunale bustadane.

Du vil få tilsendt svar på søknaden din.

Kontakt

Annelin Ortynski
utleigeansvarleg
E-post
Mobil 96 01 98 74
Mary Kleven Brekke
utleigeansvarleg
E-post
Mobil 90 50 01 49