Kontantkassa - tilskot til fritidsaktivitetar

Kontantkassa - tilskot til fritidsaktivitetar

Barn og unge mellom 6-18 år som ikkje har moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar på grunn av dårleg økonomi kan få tilskot.

Pexels.com

NB: Vi har dessverre ikkje kommunale midlar igjen i kontantkassa per 22.04.2025, og nye søknadar vil bli avslått. Dersom vi får nye midlar vil vi legge ut informasjon om det. 

Nokre frivillige organisasjonar har eigne støtteordningar. Ta kontakt med den aktuelle organisasjonen og høyr kva moglegheiter som finst.

 

Hareid kommune har blitt med i ei tilskotsordning kalla Kontantkassa. Søknadar blir behandla jamleg (ingen søknadsfrist) og midlane blir fordelt inntil kassa er tom.

Ordninga blir administrert av folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes.

For kven:

Barn og unge i alderen 6 - 18 år som ikkje har moglegheit til å delta i fritidsaktivitet av økonomiske årsakar.

Kva kan ein søke støtte til:

Kontingent, aktivitet, utstyr, deltaking i turneringar, konkurransar og turar for enkeltpersonar.

Kor mykje:

Inntil 2400,- kroner i tilskot per person per år. Det betyr at det kan søkast fleire gongar gjennom året for kvar person.

Kven kan søke (på vegne av barnet/ungdommen):

Det er laget/foreningen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen, etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersoner som arbeider i kommunen, eksempelvis helsesjukepleiar, rådgjevar, barnevernsteneste m.m. kan også søke. Barnet eller familien kan ikkje søke sjølv.

Krav til søkar:

Den som søker har ansvar for å følge opp at barnet/ungdommen deltek i aktiviteten det er søkt stønad til, og vi ønsker at det er to personer tilknytt barnet/ungdommen som går god for søknaden. Med dette meines det at den som søker skal hjelpe barnet til å huske på/komme seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne sjølv må følge barnet på aktivitetane. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. Det er den som søker som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at et bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontantkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag- og foreninger som har vanskar med å inndrive kontingentar.) Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande.

 

Krav til søknaden:

Elektronisk søknadsskjema må fyllast ut.

Det finn de via denne lenka.

Heile søknadsskjemaet må fyllast ut, og hugs å legge ved eventuelle fakturaer, kvitteringar eller liknande. Det kan søkast om midlar på førehand og da kan eventuelle faktura, kvitteringar og liknande ettersendast.

 

Spørsmål om ordninga:

Ta kontakt med kontantkassa sin kontaktperson som du finn nedst i artikkelen.

Kontakt

Silje Kiperberg Aksnes
folkehelsekoordinator/sakshandsamar
E-post
Mobil 47 87 40 18