Bruksendring

Bruksendring

Har du planar om å endre bruken av eit rom? Eller bruken av eit bygg? 

Varig eller tidsbestemt bruksendring er søknadspliktig dersom bygget eller rommet tas i bruk til eller blir tilrettelagt for annan bruk enn det som tidlegare er godkjent. Rettleiar for bruksendring. 
Departementet har uttalt at terskelen for at kommunen skal kunne krevje innsendt søknad om bruksendring er særs låg. 

Ønsker du å endra frå tilleggsdel til hovuddel eller omvendt, eller tar i bruk bygget til noko anna enn det som det er gitt løyve for må du som hovudregel søke kommunen om bruksendring. 

Hovuddel: rom du bruker til å bu og opphalde deg i, 
                 stue, kjøkken, soverom, bad, vindfang, entre og gang. 
Tilleggsdel: Andre deler av bustaden som ikkje er egna til opphaldsrom, 
                 bod, oppbevaring, garasje ol. 
Endre bruken av eit bygg: f.eks om du ynskjer å bruke eit næringsbygg til bustad
Endre bruken av eit rom: f.eks om du ønsker å gjøre kontoret om til soverom.

Det er byggeløyvet for eksisterande bygg med eventuelle vilkår 
som fortel kva den lovlege bruken av bygget eller romma er. 
For å finne ut kva godkjent bruk ditt bygg eller rom har – må du gå inn på byggesaksarkivet og sjekke korleis du kan få tak i dokumentasjon knytt til ditt bygg.

Viktig informasjon kring bruksendring: 
•    Det er viktig å merke seg at ny bruk utløyser nye tekniske krav (TEK17).
•    Det er også viktig å mekre seg at du kan utløyse nye krav då arealplanar er førande for nye tiltak. 
      Dette kan for eksempel krav om meir parkering, uteareal ol. 
      o  Klarer du ikkje oppfylle krava må du søke dispensasjon. 

Kan eg søke sjølv?
Kva ansvar har eg når eg søker?
Korleis søker eg?
Må eg nabovarsle?
Gebyr?
Kva om eg ikkje klarer å oppfylle tekniske krav (TEK17)?

Ønsker du å gjere endringar i eit bygg som er søkt om før 01.07.2011?

Då kan det vere enklare å gjere om bod, loft og kjellar (tilleggsdel) til opphaldsrom (hovuddel).
Nokon av dei tekniske krava (i TEK17) er redusert på for endring av bygg før 01.juli 2011. 
Les meir her.

For å nytte seg av lempinga av dei tekniske krava må:
•    Bustaden vere byggesøkt før 01. juli 2011
•    Rommet du vil endre må ligge inntil eit anna opphaldsrom 
      (rommet må dele vegg, tak eller golv). 
Du må likevel søke kommunen om løyve til å endre bruken av rommet

Kva krav er redusert?
Kva tekniske krav gjeld uansett