Hugs å søke om ferdigattest

Hugs å søke om ferdigattest

Alle søknadspliktige tiltak skal som hovudregel avsluttast med søknad om ferdigattest. 

Når eit bygg, kontruksjon eller anlegg er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. 

Først når ferdigattest er godkjent, har du lov å ta i bruk bygget. 
(bruk av bygg utan ferdigattest eller mellombels bruksløyve er ulovleg) 
Ferdigattest markera den formelle avsluttinga på ein byggesak og skal vise at arbeidet er utført i tråd med gitt løyve og gjeldande regelverk. 

sjå her for meir informasjon: 
Steg 8: Skaffe ferdigattest - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

Søknad utan ansvarsrett: tiltakshavar kan sjølv søke om ferdigattest.
 Søknad om ferdigattest (skjema nr. 5167)

Søknad med ansvarsrett: ansvarleg søkar eller sjølvbyggar må sende søknad om ferdigattest digitalt. 
Ved tiltak med krav om ansvarleg føretak (inkl. sjølvbyggar ansvar) må følgande leggast ved søknaden:
-    Sluttrapport for avfall (berre aktuelt med einskilde typar tiltak, jf. TEK17 §9-6
-    Miljøsaneringsplan (berre aktuelt for einskilde type tiltak, jf. TEK17 §9-7
-    Gjennomføringsplan 

NB! ferdigattest kan ikkje utstedes for tiltak som er søkt om før 01. januar 1998. 

Gebyr?
Ferdigattesten vert dekt av den summen du betalte då du leverte byggesøknaden. 

Kva gjer eg dersom ansvarleg føretak har gått konkurs eller eg ønsker eit nytt føretak?
Tiltak søkt om etter 01.07.2010
Tiltak søkt om etter 01.01.1998 og før 30.06.2010
Tiltak søkt om før 01.01.1998

 

Må du søke om endring?

Om du har gjort mindre endringar i høve til byggjeløyve som du fekk og desse er så små at dei ikkje er søknadspliktige, må du likevel senda inn dokumentasjon som viser endringane du har gjort.

Dersom du har gjort så store endringar at dei ikkje er unnateke søknadsplikt, må du søkja om ei endring av løyve du hadde før du kan søkja ferdigattest eller bruksløyve.

"Søknad om endring av gitt løyve".