Korleis byggesøke?

Korleis byggesøke?

 

1. FINN UT OM DU MÅ SØKE 
I dei fleste tilfeller må du ha løyve frå kommunen for å bygge, rive eller endre på eit bygg, ein konstruksjon eller eit anlegg. 
Men nokre mindre byggearbeid kan du sleppe å søke om, sjå meir her. 

Rettleiar for om du må søke
Rettleiar for søknadsprosess (åtte steg)
Førehandskonferanse?

 

2.  SJEKK KVA SOM ER TILLATE PÅ DIN EIGEDOM 
Før du bygger må du finne ut kva, kor og kor mykje du har lov til å bygge på eigedommen din. Du har sjølv ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. 
Dersom du ikkje bygger i tråd med plan og gjeldande lovverk må du søke dispensasjon. 

Sjå digitalt planregister (høgde, utnyttingsgrad, byggegrense ol)
Sjå om du er i tråd med plan- og bygningslova
Ikkje byggegrense mot offentleg veg?
Eg ynskjer å bygge i strid med gjeldande plan og lovverk (DISPENSASJON)

 

3.  SØKNAD 
Nokre mindre tiltak kan du søke om sjøl (tiltak utan ansvarsrett), andre må du ha eit ansvarleg føretak til å søke for deg (tiltak med ansvarsrett). 

Kva skjema skal nyttast? 
Det finst mange ulike skjemaet for ulike typar tiltak: 

  1. For tiltak utan ansvarsrett kan du velje mellom å sende inn digital søknad via Norkart eller finne relevant skjema på dibk.no, fylle ut søknaden og sende den til postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
    Alternativt kan du møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden.
  2. Digital søknad for ansvarleg søkar / sjølvbyggar 
Søke sjølv? (kva tiltak, jf. pbl. §20-4)
Ansvarleg føretak? (Tiltak med ansvarsrett, jf. pbl. §20-3)
Sjølvbyggar? (tiltak med ansvarsrett, jf. pbl. §20-3)

NB! Krav til vedlegg:

Krav til vedlegg for byggesøknad
Krav om trygg byggegrunn

4. DISPENSASJON
Dersom tiltaket du skal søke om krev dispensasjon må du søke om dette også ( tillegg til byggesøknad). 
Dispensasjonssøknaden kan du sende inn saman med byggesøknaden. 

Korleis søke dispensasjon?


5.  NABOVARSEL
Hovedregelen er at alle søknadspliktige tiltak skal nabovarslast. 

Korleis nabovarsle?

 

6. SAKSHANDSAMINGSTID 
Ved eittrinnssøknad, der alt er innanfor lovverket og ingen naboar har protestert på det du søker om, er behandlingstida på søknaden 3 veker. Dersom det er manglar i søknaden vil du få skriftleg tilbakemelding om dette.

Saksbehandlingstida er 12 veker for søknad om rammeløyve, tiltak som har nabomerknader, eller som krev dispensasjon eller uttale frå andre styresmakter.

7. KVA KOSTAR DET? 
Sjå gjeldande gebyrregulativ. 

8. KLAGE PÅ VEDTAK (AVSLAG)
Får du avslag på ein byggesøknad, har du høve til å klage.

Klagefristen er 3 veker frå den dagen vedtaket kom fram til den påførte adressa. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan den dagen klagefristen går ut. Klagen kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no eller per brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid. 

Klagen må:
* vere grunngitt. Klagen bør også nemne eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for kommunen si vurdering.
* ha med kva vedtak det blir klaga på.
* ha med kva endringar som eventuelt er ønska.
* vere underteikna.
Meir info om klage på vedtak i plan- og byggesak finn du her.