Rive?

Rive?

Dersom du skal rive eit bygg, eller delar av eit bygg, er det fleire ting du må gjere på førehand.

Hugs at du sjølv har ansvar for å sjekke at det du skal bygge ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. 

Når du skal rive en bygning, en konstruksjon eller et anlegg, jf pbl § 20-1 e) er det tre ulike kategoriar som er aktuelle. I utgangspunktet er det slik at det du må søke om å bygge, det må du også søke om å få rive. 

Same prinsipp gjelder for om du kan søke sjølv eller om du må få et kvalifisert foretak (ansvarleg søkar) til å gjere jobben.  Avhengig av kva som skal rivast, tiltakets sin storleik og kor det er plassert, kan det vere at du: 
     1. Kan rive utan å søke (altså ikkje søknadspliktig). 
     2. Må søke, men kan som tiltakshavar (tiltakshavar = du som eigar det som skal rivast) 
        sjølv være ansvarleg for søknaden og rivearbeida. 
    3. Må søke og søknaden må innsendes av foretak som tar på seg ansvar som ansvarleg søker. 
Prosjektering og utføring må utføres av foretak som tar på seg ansvar som ansvarleg prosjekterende og ansvarleg utførande. Eventuell kontroll må utføres av foretak som tar på seg ansvar for kontroll. Alle foretak som tar på seg ansvar må tilfredsstille krav til kvalitetssikring jf. SAK10 kapittel 10 og krav til utdanning og praksis jf. SAK10 kapittel 11. Kommunen kan, jf. pbl §23-1, frita for krav om ansvarsrett der ansvarsrett vert sett til å vere unødvendig. Det vil si der risikoen er liten og konsekvensane i forhold til helse, miljø og tryggleik er små. Se pkt. 2 i slike tilfelle. 
 

Rive utan å søkje
Kan eg søke sjølv?
Ikkje søknadspliktig etter pbl. §20-5 og SAK10 §4-1
Søknadspliktig riving som du sjølv kan vere ansvarleg for, jf. pbl. §20-4 og SAK10 §§3-1 og 3-2
Korleis skal eg søke?
Søknadspliktig riving med krav om ansvarleg føretak etter pbl. §20-3
Bevaringsverdig bygg?
Handtering av avfall
Husk å meld frå når du har reve tiltaket (fritatt søknadsplikt og krav om søknad)

 

Spesielt for riving:
✅ set eit kryss på situasjonsplan over bygget du søker om å rive
✅ send inn teikningar eller foto som viser bygget
✅ du må opplyse om føremålet med rivinga og korleis tomta skal opparbeidast etter rivinga
✅ send inn stadfesting på at bygget er fråflytta, seinast ved søknad om løyve til å sette i gang 

Viktig å hugse på:
✅ kvitt deg med avfallet på ein miljøriktig og loveleg måte (NB! sjekk om det er krav om avfallsplan og miljøsaneringsskildring)
✅ rivearbeidet skal sikrast i samsvar med pbl. §28-2 
✅ kontakt kommunen om det er eit eldre bygg, det kan hende at bygget er SEFRAK-registrering eller verneverdig 
✅ kontakt kommunen når det gjeld å plombere vatn.- og avlaupsleidningar
✅ kontakt andre leidningseigarar når det gjeld leidningar i lufta eller i grunnen (td. telefon, breiband, vatn ol.)