Søke om å bygge, endre eller rive

Søke om å bygge, endre eller rive

Plan- og bygningslova §20-1 fortel kva for tiltak som er søknadspliktige. 
Det finnes visse unntak, der du som tiltakshavar vert fritatt for å søke.
Dette gjeld i hovudsak mindre tiltak.

Er du i tvil om ditt prosjekt krevjar at du søker, anbefaler vi at du prøver ein av følgande rettleiarar 

Det vert skild mellom 
•    Søknadspliktige tiltak utan ansvarsrett (tiltakshavar har sjølv ansvaret) 
•    Søknadspliktige tiltak med ansvarsrett (ansvarleg søkar eller sjølvbyggar)
NB! Krav om digital søknad for søknadar etter pbl. §20-3 (tiltak med ansvarsrett) 

Vidare er det to typar byggesøknadar: 
•    eit trinnssøknad (komplett søknad om å direkte sette i gong tiltaket) 
•    to-trinnssøknad (søknad om rammeløyve og igangsetjingsløyve vert sendt kvar for seg). 

Korleis søke? 
•    For tiltak du sjølv kan søke om kan du velje mellom å sende inn digital søknad via Norkart eller finne relevant skjema på dibk.no, fylle ut søknaden og sende den til postmottak@hareid.kommune.no eller Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Alternativt kan du møte opp på rådhuset ved servicetorget og levere søknaden.  
                           
                             Sjå rettleiar for søknadsprosess. 
•  Må du ha ansvarleg søkar (tiltak med ansvarsrett) ordnar firmaet du har engasjert søknaden for deg. Ansvarleg søkar må sende søknaden digitalt.
  Digital søknad for ansvarleg søkar / sjølvbyggar 
 

Kan eg søke sjølv? (søknad utan ansvarsrett)
Når må eg ha eit ansvarleg føretak? (søknad med ansvarsrett)
Kan eg søke om ansvarsrett som sjølvbyggar (søknad med ansvarsrett)
Førehandskonferanse eller avklaringsmøte før innsending av byggesøknad
Krev søknaden min dispensasjon? (i tillegg til byggesøknad)
Korleis skal eg søke? (søknadsskjema og innlevering)
Må eg nabovarsle og korleis gjer eg dette?
Krav om trygg byggegrunn
Krav til innhold i byggesøknaden og vedlegg
Kva kostar det å byggesøke?
Sakshandsamingstid
Du må hugse å søke om ferdigattest når tiltaket er ferdig!!
Klage på eit byggeløyve?
Kva om eg ikkje klarer å oppfylle tekniske krav (TEK17)?