Trygg byggegrunn

Trygg byggegrunn

Er det naturfare der du skal bygge eller gjere noko?
Krav om trygg byggegrunn gjeld både for søknadspliktige tiltak og tiltak som er fritatt for søknadsplikt! 

Det er krav om at byggegrunnen du skal gjere eit tiltak på, skal vere tilstrekkeleg sikker mot naturpåkjenningar. Det betyr at dersom du til dømes skal bygge ein garasje, bustad, tilbygg eller deling av eigedom, må det vere dokumentert tryggleik. 

Mest vanleg naturfare i byggesaker er skred og flaum. 
Kva kravet mot tryggleik er går fram av byggteknisk forskrift TEK17 kapittel 7

Krav til tryggleik mot fare, eller vesentleg ulempe som følgje av natur- og miljøforhold, gjeld for alle tiltak som er omfatta av plan- og bygningslova. Krava til tryggleik ved utviding og endring av eksisterande bygningar er dei same som for nybygg. 

Grunn kan berre byggjast på dersom det er tilstrekkeleg tryggleik mot naturfare. Kommunen pliktar å gje avslag på byggesøknad der det ikkje er dokumentert.

Sjå om din eigedom er kartlagd, og kva sannsynet er for naturfare på
 NVE Atlas

Dersom eigedomen din ligg i ei aktsemdssone for naturfare, må du sjølv dokumentere kva sannsynet er. Det betyr at det kan vere naturfare på eigedomen din, men den er ikkje kartlagt med noko sannsyn. For at kommunen skal kunne handsame byggesøknaden mot krava i forskrifta, må sannsynet mot naturfaren vere dokumentert. 

Sannsynet må vere lågare enn kravet mot tryggleik i forskrifta for at du skal få byggeløyve. 

Du som tiltakshavar/utbyggar er sjølv ansvarleg for å hente inn dokumentasjon på tryggleiken mot naturfare. Dokumentasjonen må vere utført av fagpersonar.  

Aktuelle fare og aktsemdsoner er: 
* Faresone for flaum
* Faresone for kvikkleireskred
* Faresonefor fjellskred 
* Faresone for skredfare 
* Aktsemdssone for jord- og flaumskred 
* Aktsemdssone for steinsprang 
* Aktsemdssone for snøskred 
* Aktsemdssone for flaum 
Link til NVE Kartkatalog

Du må passe på å få fagkyndig rapport tek utgangspunkt i rikitg sikkerheitsklasse (s1, s2 og s3) og for kvikkleire (K0, K1, K2, K3, K4). 

S1
S2
S3
Kvikkeleireskred
K0
K1
K2
K3
K4