Delesaker

Delesaker

Ved deling av eigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit nytt gards- og bruksnummer. Den nye eigedomen blir først registrert i det offentlege eigedomsregisteret, matrikkelen og så i grunnboka hos Kartverket (tinglysing). 
Du kan lese meir om dette på Kartverket sine sider.

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve, jf. pbl. § 26-1, jf. §§ 20-1, bokstav m og 20-4, bokstav d.

Deling og oppmåling av ny eigedom er en todelt prosess hjå kommunen.
 Trinn 1:  Først må ein søke deling etter plan- og bygningslova, og 
 Trinn 2:  når ein har fått løyve (etter pbl.) sendast saka over til oppmåling etter matrikkellova. 

NB! Det vert difor sendt ut to separate fakturarer for ei og same sak. 
(ver obs på at fakturane vert sendt ut etter kvart som løyve og oppmålinga vert gjennomført) 

Kven kan søke?
Korleis søke?
Dispensasjon?
Løyve etter jordlova for landbrukseigedomar
Løyve etter pbl. varer i 3 år
Sakshandsamingstid
Kvifor må den nye tomta fysisk målast opp?

 

Les meir om dette her -  Rekvisisjon av oppmålingsforretning | Kartverket.no