Dispensasjon

Dispensasjon

Hovudregelen er at alt som skal byggast skal vere i tråd med plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrift og arealplanar. Døme på arealplanar er kommuneplanen sin arealdel, kommunedelplanar, reguleringsplanar, områdeplan ol. Dei ulike områda i kommunen har ulike planvilkår.

Likevel gir plan- og bygningslova eit snevert høve til å fråvike vilkåra ved å søke om dispensasjon.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Når du skal bygge må du difor finne ut kva for vilkår som gjeld for eigedomen du skal bygge på. Informasjon om dette finn du i kommunen sitt digitale planarkiv: arealplaner.no

Plankart:  Gir informasjon om arealformål, byggegrense, omsynssoner ol. 
Føresegn: Gir skriftlig informasjon om kva som er tillat innanfor kvart arealformål, kva byggehøgder som gjeld, takform/vinkel, estetisk utforming, utnyttingsgrad mm. 
Plan-og bygningsloven: Gir også generelle regler for utbygging. 
Eksempelvis gir lova:
     * reglar for byggehøgde (dersom det ikkje er spesifisert i plan)
     * reglar for avstand til nabogrense / andre bygg, jf. pbl. §29-4
     * reglar om generelt byggeforbod i 100m beltet(sjø), jf. pbl. §1-8 
Annet lovverk:
Eksempelvis:
    * Veglova (dersom planar ikkje har byggegrense)

Reglane for dispensasjon er heimla i Kapittel 19 dispensasjon Plan- og bygningslova

Eksempler på dispensasjon:
Kva er vilkåra for å få innvilga dispensasjon?
Korleis søke om dispensasjon?
Bygging langs veg?
Dispensasjon som eigen søknad
Korleis levere søknad om dispensasjon?
Varigheit for ein dispensasjon?
Sakshandsamingstid for dispensasjonssøknadar
Må saka på høyring?
Må saka politisk handsamast?

 

Fritak frå TEK17?
For alle nye tiltak er det krav om å følge TEK17.

Dersom det er nokon av krava du har vanskeleg med å oppfylle kan du søke kommunen om fritak frå krava. Det er då viktig at du spesifiserer kva krav du ikkje klarer å oppfylle.

Du kan ikkje rekne med å få fritak frå krav som går på helse og sikkerheit, som for eksempel krav til rømmingsvegar.