Førehandskonferanse

Førehandskonferanse

Førehandskonferanse er eit avklaringsmøte som vert heldt før ein eventuell søknad sendes inn til kommunen. Føremålet med møtet er å avklare og diskutere føresetnadane for det aktuelle tiltaket og krav til plangrunnlag, infrastruktur, lovverk og saksgang for søknaden.

Førehandskonferansen er å sjå på som ei gjensidig orientering om eit tiltak og er ikkje rettsleg bindande for vidare saksgong. Det skal førast referat frå møtet.

Det er viktig at du sender inn naudsynt informasjon om tiltaket på førehand, slik at sakshandsamar kan få tilstrekkeleg kunnskap om tiltaket som er planlagt.

For at du skal få størst mogleg utbytte av møtet ber vi om at følgande informasjon vert lagt ved ønske om førehandskonferanse:
          adresse for det aktuelle tiltaket
         kva du skal bygge: kart, teikningar og skisser (målsett)
         kor stort du skal bygge: høgd, breidd, areal
          tiltakets plassering på eigedomen
          kva du skal bruke byggverket til
          informasjon om korleis du tenker å løyse veg, vatn, kloakk 
         spørsmåla du ønsker svar på i møtet
         legg også ved ynskja tidspunkt (eit par alternativ er fint å få med)


Reserver ein førehandskonferanse:

Dersom du ynskjer ein førehandskonferanse, kan du be om dette. 
Det kan du gjere med å sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.
Merk emnefeltet med «ønske om førehandskonferanse». Det er viktig at du legg ved informasjonen om tiltaket. 
 

Kva er ein førehandskonferanse
Kven kan førespør ein førehandskonferanse?
Kven kan møte på ein førehandskonferanse?
Kva kan aktuelle spørsmål i ein førehandskonferanse?
Kva kostar ein førehandskonferanse?
Kva skjer etter at eg har sendt anmoding om førehandskonferanse?
Gjennomføring av førehandkonferansen:
Kva skjer etter gjennomført førehandskonferanse?