Gravemelding

Gravemelding

Du må sende inn gravemelding før graving tek til. Dette for å kartlegge eventuelle kablar og røyr i grunnen.  Merk at svar på gravemeldinga er ikkje eit løyve for arbeidet tilknytta gravinga og gir heller ikkje løyve til å grave på andre sin eigedom.

Søknadsplikt:

Graving og liknande arbeid på offentleg veg er søknadspliktig etter veglova § 57. For kommunale vegar skal søknaden sendast til kommunen. For riks- og fylkesvegar skal søknaden sendast til Statens vegvesen. 

Graving og liknande arbeid i anna offentleg areal er også søknadspliktig. 

Tiltak på privat grunn kan vere søknadspliktig etter plan og bygningsloven. Kva for tiltak som er søknadspliktig går fram av loven med forskrifter.  Dersom du er i tvil om tiltaket er søknadspliktig, kan du ta kontakt med kommunes byggesaksavdeling.

Tiltak på privat grunn, som ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, treng du ikkje løyve for.  Du er likevel ansvarleg for å gjere greie for kvar kablar, vassrør og liknande ligg, og at eventuell påvising vert utført før gravinga tek til.

Nedanfor er det lista opp ein del aktørar som kan ha rør eller kablar i Hareid kommune. Lista er ikkje uttømmande, då aktørar kan endrast. Ta kontakt med aktuelle aktørar i god tid før graving.

 

Korleis søkje: 

Send inn gravemelding ved å fylle ut digitalt søknadsskjema nedanfor. Det må også leggast ved illustrasjonskart over graveområdet. Illustrasjonskartet skal innehalde grunnkart, gnr/bnr, vegar og bygningar, samt ei påteikning som viser kvar graving skal skje. Dette kartet kan lagast på Sunnmørskart eller tilsvarande tenester. 

Skjema for søknad om gravearbeid (PDF, 87 kB)

Svar på søknad: 

Når du har sendt inn gravemelding, vil du i løpet av nokre dagar får tilsendt leidningskart over eigedomen din. Merk at dette berre viser kommunale, og til ei viss grad, private vass- og avløpsledningar.  For å få informasjon frå andre aktørar, må du kontakte desse direkte. 

Vatn og avløp

Hareid kommune, eining for kommunalteknikk

Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
E-post: postmottak@hareid.kommune.no
Telefon: 70 09 50 00

Straum

Mørenett AS
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
E-post: post@morenett.no
Telefon: 70 05 01 00

Fiber

Tussa Fiber
Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
E-post: kundesenter@tussa.no
Telefon: 70 04 63 00

Telefonkablar

Geomatikk AS (På vegne av Telenor)
E-post: gravemelding.trondheim@geomatikk.no
Telefon: 09146

Kabel-TV

Com-Net AS
E-post: drift@com-net.no
Telefon: 400 04 880

Andre installasjonar

Aktuell grunneigar