Fylle ut skjema:
Det er den som skal ta over eigedomen som skal fylle ut skjemaet og sende det til kommunen. Er det fleire eigarar skal kvar ny eigar fylle ut skjema.
Lenke til skjema. (PDF, 222 kB)
Sjekkliste ved utfylling:
- Du skal alltid fylle ut opplysingane i punkt 1 og 2.
- Krysse av i eit av punkta 3 til 6 viss mogleg, elles kan det hende du må nytte punkt 7
eller 8. - Til slutt skal du fylle ut punkt 10 med kryss, dato og signatur.
- Hugs at du berre skal krysse av eit av punkta 3 til 8. Sjå rettleiinga på side 3 og 4 i skjemaet for skildring av kva punkta betyr.
Send skjema til kommunen:
På eDialog (sikker innsending av skjema):
Legg lenkje til eDialog.
Sende inn som papirpost:
- Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Du kan også levere skjema personleg i Servicetorget på Rådhuset.
Svar frå kommunen:
Du får skriftleg svar når vi har ført konsesjonsforholdet i matrikkelen.
Normalt vil du få svar innan ei veke.
Det er fyrst når vi har ført konsesjonsforholdet at du kan sende inn aktuelle dokument (skøyte eller heimelserklæring) til Kartverket for tinglysing.
Kva kostar det?
Handsaming av konsesjonsfridom er gratis.