Slik søker eller endrar du barnehageplassHar du barn og ønskjer at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten år eller våren neste år? Hugs å søke innan 1. mars. Korleis søke om barnehageplass?Du søker barnehageplass til barnet ditt for fyrste gang skal du gjere det gjennom eit skjema i tenesta Vigilo.Her er lenke til søknadsportalen.Vigilo er eit system som skulane og barnehagane brukar når de skal søke om barnehageplass og elles til trygg og sikker kommunikasjon med heimane.Her finn du meir informasjon om kva Vigilo er og korleis du som føresett kan bruke det.Har du allereie søkt om barnehageplass treng du ikkje søkje på nytt. Søknaden din vert handsama i hovudopptaket.Kven har rett på plass?For å sikre at barnet får plass ved den barnehagen du/de ønskjer, må de søke innan fristen for hovudopptak som er 1. mars.Søknadar som kjem inn etter 1. mars vert sett på venteliste (handsama i supplerande opptak).Barn som er fødde til og med november 2024, har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.Barnet vert tildelt plass og det vert kravd betaling frå den dagen barnet tar til i barnehagen.Kva kostar ein barnehageplass? Betalingssatsar for barnehage - foreldrebetalingBetalingssatsar for barnehage - foreldrebetalingTilbodSats utan rabattSats med 30 % rabatt5 dg per veke- 100%12008404 dg per veke - 80 %9606723 dg per veke - 60 %720504 Betalingssatsar barnehage - matpengarBetalingssatsar barnehage - matpengarTilbodSats5 dg. per veke - 100%5004 dg. per veke - 80%4003 dg. per veke - 60%300 Betalingssatsar barnehage - betaling utover tildelt opphaldstidBetalingssatsar barnehage - betaling utover tildelt opphaldstidTilbodSatsFør ordinær stengetid, klokka 17:Per time inntil 3 timar:104Pris utover standard tilbod ved faste avtaler, 4 timar og meir:364Etter ordinær stengetid klokka 17. Pris per einskildtime ved tilfeldig overtid:Per påbegynte time:260 Korleis endre eller seie opp barnehageplass?Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage kan gjere dette inne i foreldreportalen.For barn med plass i barnehage kan det søkast om:endring av type plassoverflytting til annan barnehageseie opp barnehageplassAlle endringar blir gjort gjennom Vigilo.Her kan du lese meir om barnehagane:Syverplassen barnehageBigset barnehageNorlandia Holstad (privat)AnnaVed manglande betaling kan kommunen seie opp din barnehageplass. Dei føresette får melding om oppseiing med éin månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles bli lagt til grunn som avslag på plass ved seinare barnehageopptak og opptak til skulefritidsordningar.