Lønsansiennitet
- blir fastsett for arbeidstakarar som er løna etter reglane i kapittel 4
Framgangsmåte for utrekning av lønsansiennitet
- Lønsansiennitet blir rekna tidlegast frå fylte 18 år. Ansiennitetsdatoen blir fastsett til den 1. i tilsetjingsmånaden på grunnlag av dei månadene og åra som blir godskrive
- Det blir ikkje gitt lønsansiennitet etter fleire bestemmingar for same tidsrom
- Lønsansiennitet for deltidsarbeid blir godskrive på same måte som for heiltidsarbeid i stillinga
- Lønsansiennitet for kortvarig og sporadisk arbeid blir utrekna ved å rekne om den faktiske tida du har vore i arbeid, til månadar og år
- Ved tilsetjing i stilling utan særskilt krav om utdanning godskriv vi all tidlegare privat og offentleg teneste. Som privat teneste blir også arbeid rekna i heimen med inntil 6 år
- Ved tilsetjing i anna stilling godskriv vi all offentleg og privat teneste
- Fagarbeidar med avlagd fagprøve får verdiskapingsdelen av læretida medrekna i lønsansienniteten
- Turnusteneste for lege og fysioterapeut blir rekna som ordinær teneste og blir godskrive
- Omsorgsteneste blir godskrive med inntil 3 år. Med omsorgsteneste siktar vi til omsorg for barn eller pleie av eldre eller sjuke.
- Avtent verneplikt blir godskrive i lønsansienniteten
Dokumentasjon
Lønsansiennitet blir fastsett ved tilsetjing/start i stilling. For at vi skal kunne rekne korrekt ansiennitet må du sende inn kopi av alle relevante attestar. I alle våre stillingsannonsar står det: «Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter».
Ein fullgod attest frå tidlegare arbeidsgivar skal innehalde:
- Startdato og sluttdato
- Stillingsprosent og stillingstype
- For ekstrahjelp/tilkallingsvikarar må timetalet i tillegg vere spesifisert
- Omsorg for eigne barn blir dokumentert med fødselsattest
- Arbeid som sjølvstendig næringsdrivande blir dokumentert med stadfesting frå Brønnøysundregistera eller likningskontoret
- Praksis frå utlandet blir dokumentert med godkjend omsetjing av attestane dine til norsk eller engelsk. Omsetjinga skal vere stempla og signert av autorisert omsetjarbyrå/omsetjar
Attester som blir levert etter ansiennitetsutrekning gir ikkje tilbakeverkande kraft på allereie fastsett ansiennitet. Ny dato for fastsetjing av lønsansiennitet vil gjelde frå det tidspunktet attesten blir motteken dersom den har noko å seie for ansienniteten.
Kopi av attestar som du ikkje har lagt ved søknad på stilling, sender du til postmottak@hareid.kommune.no eller til Hareid kommune via eDialog https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/964979278
Ta gjerne kontakt med personal og organisasjonsavdelinga på telefon 70 09 50 00 eller personalavdelinga@hareid.kommune.no dersom du har spørsmål.