Adventshelg på Hareid

Mykje kjekt på Hareid første helga i advent!

 

Programmet for 2024 er ikkje klart, men her er opplegget vi hadde i 2023:

 

Vi startar fredag 1. desember klokka 18.00 med adventskveld i Parken. Det blir korpsmusikk, apell, gang kring juletreet og gratis julegløgg, klementinar og pepparkaker. Vi skal tenne juletreet, julestjerna i Melshornlia, julegata og lys ellers i sentrum. Vi avsluttar med fakkeltog til kyrkja der alle er invitert til å sjå julespelet “Julenatt i stallen”.

Laurdag 2. desember klokka 10.30 brakar det laust med julemarknad i Kjøpmannsgata. Mykje spennande å sjå! Handarbeid, maleri, velværeprodukt, mat, barnekle med meir. Det blir også kunstutstilling med 14 lokale kunstnarar, Bigset skulekorps og Hareid musikk -og kulturskule underheld, superlaurdag på Hareid kyrkjelydshus, Frivilligprisen skal delast ut og ikkje minst, nissen kjem! Han skal lese til borna ved postkassa til nissen.

Ta turen til Hareid denne helga!

 

Program for helga

Førjulsfest i Parken fredag 1. desember kl 18.00

  • Tenning av julelysa i sentrum og stjerna i Melshornlia  
  • Apell og gang kring juletreet
  • Gratis julegløgg, mandarinar og pepperkaker     
  • Hareid skulekorps, loddsal og musikkinnslag      
  • Fakkeltog til kyrkja

 

19.00:  Julespel i kyrkja ”Julenatt i stallen”                     

Butikkane held ope til kl 20.00.

Julemarknad i Kjøpmannsgata laurdag 2. desember kl 10.30 - 15.00

10.30 - 15.00: Salsboder med handarbeid, juledekorasjonar, maleri, velværeprodukt, mat, barneklær, treprodukt m.m.     
10.30: Hareid kunstlag. Opning av utstilling. 14 lokale kunstnarar i Kjøpmannsgata 60.   
11.00: Bigset Skulekorps    
11.30: Musikk- og kulturskulen underheld     
12.00: Lesestund med julenissen ved postkassa     
12.30: Ope kyrkjelydshus, kaffi&kaker, tombola, ansiktsmaling, juleverkstad      
13.30: Utdeling av frivillegprisen
14.00: Servering av graut kl 14.00 på kyrkjelydshuset NB! Påmelding