80 ÅR SIDAN FREDEN KOM. 8. mai-markering ved Hareid historielag, torsdag 8. mai, kl. 19.00

80 ÅR SIDAN FREDEN KOM. 8. mai-markering ved Hareid historielag, torsdag 8. mai, kl. 19.00

80 år har gått sidan landet vårt vart fritt etter fem lange krigsår. Enno finst det folk blant oss som minnest denne dagen, og det godt også.

- No er det snart slutt.

 -Kjem freden no? - Skal tyskerane reise? 

Slik spekulerte dei nok, gamle og unge, første dagane i mai 1945. For oss som lever no, er det vanskeleg å forstå korleis dei fekk tak i opplysningar som førte til "fredsrykta", utan TV og alle slags andre media. Aviser fanst, men det som stod der, var regissert av fienden. 

Det dei hadde, var radio, unnagøymde i uthus, i høystål og alle slags lure gøymestader, der dei stakk seg vekk og lytta på nytt frå London. Tyskerane hadde tidleg samla inn radioar, og det var streng straff om du vart teken for å likevel ha ein.

Torsdag 8. mai vil Hareid Historielag markere fridomsdagen. Det skjer på biblioteket, og vi er så heldige å få vitjing av nokre  som er gamle nok til å ha opplevd fridomsdagen 8. mai 1945. Dei vil fortelje, og det blir diktlesing og allsong.

Medverkande er Steinar Mork, Else Oksavik, Roger Korsnes, Birgit Berg og Arnljot Grimstad.

Gratis inngang.

Alle hjarteleg velkomne.