Alle bilentusiastar! Sinnamekkern'n kjem onsdag 10. april, kl. 18

Alle bilentusiastar! Sinnamekkern'n kjem onsdag 10. april, kl. 18

Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota rute..

Møt Sinnamekker’n frå Stord.
Forfattar Ståle Eskeland tek for seg boka Bilalbum og sitt
eige forhold til bilen og hobbyen. Han er innom tema som mekking, kjøp, sal og pruting, men óg kva bilen betyr for bygda.

Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap.
Kom og høyr meir om køyreopplevingar som dei fleste
bilinteresserte vil kjenne seg att i.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

Foto: privat / Samlaget

Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum samarbeidar om å gi folk i fylket eit godt og variert litteraturtilbod gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, Fritt ord og kommunane i Møre og Romsdal.