Berekraftskveld - Hareid mot 2030 - Tysdag 25. april, kl. 19

Berekraftskveld - Hareid mot 2030 - Tysdag 25. april, kl. 19

Alle snakkar om berekraft. Men kva er det – og korleis går eg og du eigentleg frå prat til praksis?

Kom til Hareid folkebibliotek tysdag 25/4 kl.19.00 for ein avslappa kveld med påfyll, mat og sofaprat om eit tema alle snakkar om.

Du får høyre spennande innlegg frå:

Hanne Mork Hamre, Framtiden i våre hender: Frå prat til praksis, kva kan eg og du gjere?

Øystein Solevåg, Miljøselskapet ÅRIM: Sirkulærøkonomi - vi må vekk frå bruk og kast.

Kishore Gajendra, Høgskulen i Volda: "Made in India" - men kven betaler prisen?

Etter miniføredraga blir det ei pause med mingling og noko godt å bite i. Deretter blir det ein sofaprat med dei tre føredragshaldarane, leia av Andrea Øien Sæverud frå SSR. Til slutt kan dei som vil bli igjen for å sjå filmen Fast Fashion på storskjerm.

Kvelden er ein del av Berekraftsveka som er eit delprosjekt av prosjektet "Hareid mot 2030", støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Nasjonlbiblioteket.