Biblioteket byr på julekalendarar som gir hyggestund, er miljøvenlege og gratis

Biblioteket byr på julekalendarar som gir hyggestund, er miljøvenlege og gratis

Adventstida er straks her og biblioteket har, tradisjonen tru, fylt opp julekalendersekkane. Kom innom og lån ein sekk og les ei kort bok med borna kvar dag fram til julafta.

Sekkane er fylt opp med 24 høgtlesingsbøker som passar aller best for born rundt føreskulealder.