Bokbad med Hege Norman-Stormbringer. Onsdag 5. november, kl. 19

Bokbad med Hege Norman-Stormbringer. Onsdag 5. november, kl. 19

Hege Norman-Stormbringer har nyleg utgitt ein feelgood roman fra Sunnmøre med eit rivande historisk bakteppe frå 2. verdskrig.

No kjem ho til biblioteket og denne kvelden vert ho bokbada av journalist Anne Gry Eilertsen.

Hege Normann-Stormbringer er frilansjournalist, forfattar og yogalærer. Ho bur no på Lillehammer, men mange hugsar henne kanskje frå Kafé Kuling då ho budde i Gjerdsvika for fleire år sidan.

Ho har tidlegare, mellom anna, utgitt bøkene "Det norske kakebordet" og "Det norske dessertbordet" med mykje inspirasjon frå Sunnmøre.

Musikalsk innslag ved Paul Sandanger.

Boksal ved Norli, Blåhuset. Signering.

Arrangement ved Hareid folkebibliotek og Hareid folkebiblioteks vener.

VELKOMEN!