Boka vart gitt ut til forfattaren sin 75-årsdag i sommar. Han vil både fortelje om bakgrunnen for boka, lese frå henne, vise bilde og prate litt rundt det som skjer med fotballen. Det blir høve til å kjøpe boka.
«Så lenge det er luft i meg» blir gitt ut av Solhagen Forlag og bygger på ei hending som ligg snart 25 år tilbake i tid: Under ein rusletur til Eltrane ytst ute på Sula fann forfattaren ein fotball, som hadde drive i land frå havet. På fotballen stod namnet til eigaren. Det skulle vise seg at ballen hadde vorte sparka på sjøen på Eigerøya utanfor Egersund og dreiv med Golfstraumen nord langs kysten til Sunnmøre, ei reise som må ha nærma seg hundre mil.
Eit arrangement under Hareidsstemna.
VELKOMEN