Den internasjonale alzheimerdagen, torsdag 21. september, kl. 18.00

Den internasjonale alzheimerdagen, torsdag 21. september, kl. 18.00

Den internasjonale alzheimerdagen vert markert i Hareid kommune med temakveld på Hareid folkebibliotek.

Foto: Ellen Katrin Kvalsund, Sunnmørsposten Foto: Kersti Hasund, Vikebladet Foto: Kamilla Grimstad Hagen, Hareid kommune

   

21. september er Den internasjonale alzheimerdagen. Dagen markerast på Hareid folkebibliotek med informasjon og kurs.

Denne kvelden vil demenskoordinator i Hareid kommune, Kamilla Grimstad Hagen, gi oss folkeopplysning og oppdatert informasjon om demens.

Kersti Hasund, leiar i Søre Sunnmøre Demensforening, vil kome å snakke om tilbodet dei gir og arbeidet dei gjer.

Kven skal ta vare på dine interesser den dagen du ikkje lengre klarar det sjølv? Sparebanken Møre vil kome å halde kurs i framtidsfullmakt. Dette vert eit kortare kurs enn kurset som hadde fullt hus på biblioteket i 2021.

Talet på personar med demens vil auke i tida som kjem, då vi lever lengre og det blir fleire eldre. Å ha kunnskap om demens blir viktig for alle.

Tidlegare i år signerte Hareid kommune, ved ordførar Bernt Brandal, avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse om å bli med i satsinga deira på demensvenleg samfunn. Ved å inngå denne avtalen uttrykkjer kommunen eit ynskje om å leggje til rette for at personar med demens opplever meistring og inkludering.

ALLE SOM YNSKJER ER HJARTELEG VELKOMNE