Om lag annan kvar mandag, kl. 11, kan du saman med andre sjå direktesendte digitale foredrag på storskjermen i biblioteket.
Det er foredrag innan kunnskap og kultur med innhald av høg kvalitet levert av ekspertar på sitt fagområde.
Denne mandagen kan du høyre Liv Bjørnhaug Johansen, som er sjukepleiar, kulturhistorikar og seniorrådgiver på kvinnehelse hos Sanitetskvinnene. Ho debuterte som forfattar i 2021 med boka "Den lange vakta", om helsevesenet under pandemien.
I 2023 ga ho ut boka "Diagnose: kvinne, der ho gjennom kvinner sine historier og forskning belyser kjønnsforskjellar i helsevesenet.
Fysiologiske forskjellar mellom kjønn gjør at kvinner og menn blir syke på ulike måtar og reagerer ulikt på behandling. Allikevel er helsetenesta basert på forskning gjort på menn. Foredraget beskriv bakgrunnen for dette, kva slags konsekvensar det har for kvinner sitt liv og helse og kva som skal til for å sikre kvinner likeverdige helsetenester.
Foredraget vil også komme inn på korleis dette påverkar kvinner sitt liv og helse på kort og lang sikt. For å sikre kvinner likeverdige helsetenester, må det skje ei systematisk endring i korleis forskning vert utført, med auka fokus på kvinner sin fysiologi og helsebehov.
VELKOMEN