Digitale foredrag av høg kvalitet - eit nytt tilbod på biblioteket

Digitale foredrag av høg kvalitet - eit nytt tilbod på biblioteket

I dag, kl. 11, kan du sjå “Den naturnære hagen” med professor Dag Jørund Lønning. 

Biblioteket har no eit samarbeid med SeniorUni og vi kan difor tilby dykk digitale kvalitetsforedrag innan historie, samfunn og politikk, kunst og kultur, samt medisin og helse. 

Foredraga må sjåast i biblioteket og vil visast på storskjerm om lag annankvar mandag kl. 11. 

Foredraga er direkte og du kan stille spørsmål til foredragshaldar dersom du ynskjer det.

Vi vil kunne vise foredrag i opptak, dersom det er interesse for det.

Foredraga er som nemnd gjennom SeniorUni, men arrangementa er for alle og foredraga vil passe vaksne og eldre og mange av dei også vidaregåande elevar.

Her ser du program for våren og sommaren: https://senioruni.no/program/