Dyrk god matsopp heime på kjøkenet!

Dyrk god matsopp heime på kjøkenet!

Sande Hagelag – for Hareid, Ulstein, Herøy, Sande – inviterer til eit soppdyrkingskurs på Hareid folkebibliotek 25.mai kl. 18.30-19.30.

Nærbilete av dyrka sopp på ein fjøl. - Klikk for stort bilete Pexels.com

Karl Johan Grimstad vil vise og fortelje, forklare og lære oss korleis vi kan dyrke god matsopp enkelt heime på kjøkenet. Med seg har han også ein hjelpar.
Kurset er gratis og ope for alle.
Frivillig donasjon på 50 kroner med Vipps for dei som vil gi støtte til Hagelaget.

Du kan også lese meir om arrangementet på Facebook.