"Flyktning i eige land" - Betty si historie frå krigen

"Flyktning i eige land" - Betty si historie frå krigen

Rett før jul i 1944 kom den 7 år gamle Betty til Hareid etter å ha forlatt eit brennande Finnmark.

Betty, Ingrid Nerhoel, Karane frå Ulstein og Hareid mannskor  - Klikk for stort bilete

Tysdag 18. april, kl. 19.30, får vi ta del i denne historia  gjennom forteljing og musikk.

Betty kom til Hareid saman med mor si, ei syste og ein bestefar. Dei eigde berre det dei stod i. Ja, bortsett frå ei vekkarklokke som mora hadde trive med seg før dei tyske soldatane sette fyr på huset deira. Kleda dei hadde med heimanfrå vart brende på vegen i frykt for utøy om bord i skipet.

Betty var lita og tynn etter altfor lite og altfor dårleg mat om bord i det tyske lasarettskipet som frakta dei sørover norskekysten desse vinterdagane ilag med hundrevis av andre nordmenn som var flyktningar i eige land.

Om lag slik startar historia til Betty Olsen, seinare Mjeltvik. Eit temmeleg håplaust utgangspunkt for eit liv for ei lita jenta på ein framand plass i ein familie utan pengar og utan nokon stad å bu, men Betty greier etter kvart å snu situasjonen.

Gunn Berit Gjerde fortel Betty si historie og Ingrid og Karane frå Ulstein og Hareid mannskor syng songane som Betty har leita fram frå barndom og ungdom.

Betty Olsen Mjeltvik og nokre av veninnene ho fekk på Hareid vil vere tilstades på biblioteket denne kvelden.

Desse kveldane har tidlegare samla mykje folk, og publikum som vil site godt bør vere tidleg ute.

Gratis inngang, men Vipps gjerne eit beløp etter eige ynskje til biblioteket sin arrangementskonto: 617596

VELKOMEN