Foredrag om Svalbard, tysdag 7. november, kl. 20

Foredrag om Svalbard, tysdag 7. november, kl. 20

Vil du lære meir om annleislandet Svalbard, så er dette arrangementet for deg! Gratis arrangement (sjølvsagt!) med forfattar og redaktør av Svalbardposten, Line Nagell Ylvisåker.

I møte med forfattar, journalist og bebuar frå Svalbard, Line Nagell Ylvisåker, får publikum mellom anna vite meir om folka som bur på Svalbard, korleis det er på bu ein stad der ingen treng visum eller opphaldsløyve, og kanskje forstå litt meir om kva som gjer Svalbard nettopp så annleis.

Line kjem opphavleg frå Sogndal, men har budd mange år på Svalbard.

Arrangmentet har kome i stand av at Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrumsom samarbeidar om å gi folk i heile fylket eit godt og variert litteraturtilbod på folkebiblioteka gjennom Litteraturhus i Møre og Romsdal. Prosjektet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk kulturråd, Sparebankstiftelsen SMN, Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Sparebank 1 Nordvest, GassROR IKS og kommunane i Møre og Romsdal.