"Glimt av opphav, Glims o Origin" - Ei shetlandsk reise i bilde, ord og tonar. Tysdag 5. mars, kl. 19

"Glimt av opphav, Glims o Origin" - Ei shetlandsk reise i bilde, ord og tonar. Tysdag 5. mars, kl. 19

I 2017 kom boka Glimt av opphav Glims o Origin, 40 dikt av Christine De Luca omsette frå shetlandsk til norsk av Odd Goksøyr, ut. I samband med arbeidet med boka tok diktaren omsetjaren og nokre til med på ei rundreise som gjorde dei kjende med landet, språket, lyset, menneska – og dei vitja mange av stadane som er skildra i dikta hennar.
I dette programmet vil Odd Goksøyr, med utgangspunkt i denne reisa,

vise bilde og fortelje om turen, men også gjennom dikta til Christine De Luca snakke om shetlandsk historie, språk og kultur, ein kystkultur og eit landskap som gjennom lys, lukter og lydar er lett å kjenne seg igjen i om ein har vakse opp på denne kyststripa vi er born av.

I tillegg har Odd Goksøyr øvd inn eit par songar på shetlandsk, mellom anna den eldste kjende shetlandske songen, Unst Boat Song, som har spor av det norrøne målet som var i bruk på Shetland til rundt 1800, kalla norn, og vi får møte nokre av dikta til Christine De Luca både i original og i omsetjing.

Inngang: Gratis, men vi tek gjerne imot eit lite bidrag på Vipps for å dekkje annonsering og andre utgifter.

Utstyr: Biblioteket har teleslynge

Biblioteket sitt Vippsnr.: 617596.

VELKOMEN