Hareid Cruisenettverk inviterer til ope møte

Hareid Cruisenettverk inviterer til ope møte

Hareid kommune satsar på reiseliv – allereie neste år vil cruiseskip legge til kai her på Hareid.

World Voyager (T.v.) og MS Artania kjem til Hareid neste sommar World Voyager (T.v.) og MS Artania kjem til Hareid neste sommar Nicko cruises, delt med CC4.0-lisens / Foto: Trondheim havn, delt med CC2.0-lisens

Dette er ikkje berre ei stor hending for bygda, men òg nye moglegheiter for innbyggjarane og for lokalt næringsliv. Sjølv om du aldri har tenkt på turisme før – kom og høyr kva nye moglegheiter denne satsinga kan gje nettopp deg.

LES OGSÅ: Dette er cruiseskipa som kjem til Hareid

Når: 27. oktober kl. 18.00

Kvar: Hareid folkebibliotek 

På møtet får du vite

  • kvifor vi satsar på cruise, og kva det vil bety for utviklinga av Hareid.
  • kva status prosjektet har i dag. 
  • konkrete døme på korleis innbyggjarar og verksemder kan utvikle forretning rundt cruiseturismen: utleige, omvisingar, sal av lokale produkt og tenester for gjestar.
  • korleis du sjølv kan bli ein del av dette store prosjektet, og kva steg du kan ta allereie no.

 

Du får høve til å stille spørsmål og få svar direkte frå arrangørane.

Gratis inngang.

Alle er velkomne!