Både Stranda, Sykkylven, Ålesund, Ørsta og Stordal er stader der møbelindustrien gjennom mange år var ei viktig næring, og stader der vi har vandra mellom fabrikktomtene. Møbelindustrien var også ei viktig næring på Hareid som er staden for haustens møbelvandring, den 12. november.

Av praktiske grunnar vil «vandringa» skje innandørs, på Hareid bibliotek. Her vil vi få presentert historiene til alle dei viktige møbelbedriftene i kommunen. Dette vil skje gjennom ord og bilete, og vi har vore heldige og fått informantar frå fleire av bedriftene til å fortelje. Det gjeld mellom anna Egil Utgård som er andre generasjon i den betydelege møbelbedrifta, Utgård Mestermøbler, som vart etablert i 1950 og vart kjøpt opp av Ekornes i 1996.
Ei anna spennande bedrift frå Hareid er Hareid Bruk, som hadde si stordomstid i 1950-åra, då norsk møbeldesign sigla under Scandinavian design-fana og vann merksemd i det store utland. Peter M. Erstad, som var eigar av Hareid Bruk, er anerkjent som ein pioner innan norsk møbeleksport. Han hadde kontakt med nokre av landets leiande designarar og fekk fram produkt som framleis lever og er etterspurde av dei med interesse for møbeldesign.
Også bedriftene til Ole Øyehol og John Velle markerte seg i fremste rekkje i den rike møbelklynga på Sunnmøre.
Oppmøte: Hareid folkebibliotek
Stad: Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid
Klokkeslett: 18:00 - 20:00