Jomfru Maria ved Solveig Brandal, torsdag 19.10, kl. 20

Jomfru Maria ved Solveig Brandal, torsdag 19.10, kl. 20

Maria har prega kulturen vår meir enn nokon andre kvinner. Sjølv om vi kan hende ikkje kjenner særleg
godt til henne i dag, vaker mariabilete rett under overflaten av kvardagsliv, musikk og litteratur. 

Solveig Ragnhild Brandal frå Hareid har funne fram legender om Maria frå norrøn mellomalder som
viser korleis ho hjelpte menneske i smått og stort. Ragnhild Engeset frå Hovdenygda framfører songar
med tekstar om Jomfru Maria. Solveig Brandal har skrive boka Jomfru Maria: Legender frå mellomalderen (Verbum), og det vil verte høve til signering og sal.

Eit arrangement under Hareidsstemna.

Varigheit 20-21.

VELKOMEN