Du kan no låne med deg ein "Julekalendersekk" fylt med 24 bøker.
Ei "overraskingsbok" til å lese saman kvar dag i ventetida før julaftan.
Kva er vel betre enn ein kalender som er berekraftig, gjer borna klokare og samtidig gir mykje kos?
Det er Karete Rantapelkonen som gratis har sydd desse fantastisk fine sekkane til oss og bruktbutikken Gjenbruk, Brukt & Billig her på Hareid som har gitt ho dukane og gardinene som dei er sydd av. Vi kan ikkje få takka nok!
Dei fyrste sekkane vi tilbyr er tilpassa born i alderen ca. 4-6 år, men vi vil prøve å utvide ordninga dersom det er ynskje om det.
Her er det fyrste mann til mølla!