Kvifor er kvinnehelse så viktig? Ope møte mandag 17. april, kl. 19.00!

Kvifor er kvinnehelse så viktig? Ope møte mandag 17. april, kl. 19.00!

Elisabeth Swärd, spesialrådgivar for kvinnehelse med ansvar for forsking i Norske kvinners sanitetsforening, vil halde foredrag om dei skjulte kvinnelidelsane. Ho vil snakke om kvinners helse frå vugge til grav og om status for kvinnehelse. Ho fortel om forskingsbehov og behandlingstilbod som gjeld sjukdommar og lidelsar som kvinner ofte får. Eksempel på dette er endometriose, vulvodyni, lipødem, kvinnehjerte m.m.

Elisabeth er medlem i Kvinnehelseutvalet som nyleg leverte NOU 2023:5 «Den store forskjellen» – ei utredning om kvinners helse og betydningen av kjønn for helse. Ho vil også presentere den. Vi får vite meir om kva kvinnehelse er, betydning av kjønn og korleis vi kan nå målet om ei likeverdig helseteneste for oss alle.

Foredraget vil vare ca. 1 time, og det vert høve til å stille spørsmål.

Gratis inngang. (Bruk inngangsdøra mot Cirkle K)

Vel møtt til alle! 

Arrangementet er i regi av Hareid sanitetslag.