"Ladies & gentlemen", onsdag 15. oktober, kl. 20

"Ladies & gentlemen", onsdag 15. oktober, kl. 20

Ein heilt vanleg onsdagskveld med uvanleg vakker song frå Hareidsdamene Evelyn, Trine, Elisabet, og Trude i samspel med Ronald.

Ronald har fått med seg damer som han har sunge med i ulike tidsepoker heilt frå 10 års alderen og fram til nyare tid.

Dykk får i løpet av kvelden høyre damene synge vakre songar i ulike sjangrar, samt at Ronald får litt spelerom, og ein duett med kvar einskild.

Kvelden blir akkompagnert av Peter Demirov.

Gratis inngang, frivillig Vipps til Hareidsstemna #715101.

Arrangement ved Hareidsstemna og Opplev Hareid.