Lån av klassesett til barne- og ungdomsskule

Lån av klassesett til barne- og ungdomsskule

Skulane på Hareid kan låne klassesett (ei bok til kvar elev) ut i frå ei stor mengd av romanar, dikt, skodespel, fagbøker og teikneseriar. Lån gjerast via folkebiblioteket eller lærarar bestiller sjølve ved hjelp av Bibliotekkortet sitt.

Her er lenke til Bibliotekkortet. Logg deg inn med Bank-id for å sjå om du er registrert eller registrer deg.

Klassesetta vert lånt inn frå Nasjonalbiblioteket.

  • Lånetida for eit klassesett er 8 veker.
  • Det er ikkje mogleg å reservere klassesett fram i tid.
  • Her finn du ei oversikt over alle klassesetta som er tilgjengelege og du ser kor mange eksemplar av kvar bok som er ledige.

 

Hareid folkebibliotek har berre eit klassesett i eiga samling, “Kampen” av Geir Egil Eiksund. Denne boka er på nynorsk og passar best for 5. - 7. klassingar. Vi har boka i 24 eksemplar. Tema i boka er homofili, kjærleik og mobbing.

“Sklitaklingar og hjartebank. Det har nettopp blitt sommarferie og Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Viljar heiter han, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake. Kampen handlar om vennskap, kjærleik og sjalusi. Aller mest er det historia om Andreas, 11 år, som gjennom nokre vanskelege sommardagar er nøydd til å bli kjend med seg sjølv på nytt. Geir Egil Eiksund (f. 1988) kjem frå Ørsta på Sunnmøre. Han er utdanna lærar og journalist."Kampen" er den første boka hans.”

Meir informasjon om Hareid folkebibliotek finn du her.