Litteraturkveld: Hartvig Kiran. Tysdag 21.januar, kl. 19.00

Litteraturkveld: Hartvig Kiran. Tysdag 21.januar, kl. 19.00

Medverkande: Sverre Bjåstad, Ingrid Nerhoel og Ole-Martin Øyehol.

Kva du kan vente:
Hartvig levde eit spanande liv som radiomann både før, under og etter krigen. Han hadde nyheitsvakt 9. april 1940.
I tillegg til nyhende arrangerte han også det populære programmet "Ønskediktet" frå 1962 til han døydde i 1978.

Han hadde ein stor produksjon som visekapar av eigne viser, men mest omsettingar. På våre kantar hugsar dei fleste verket om "Ola Skutvik og Mariann" med til dømes visa "Gåvebrevet.

Det er Sverre Bjåstad, matematikklæraren og bygdebokforfattaren som skal fortelje om Kiran si dikting og livet hans.
Ingrid Nerhoel og Ole-Martin Øyehol skal tolke songstoffet etter Kiran.

Gunn Berit Gjerde er programleiar og arrangør i lag med biblioteket.