Litteraturkveld med Arill Riise - Der ingen var einsam. Mandag 14. oktober, kl. 19

Litteraturkveld med Arill Riise - Der ingen var einsam. Mandag 14. oktober, kl. 19

Arill Riise fortel frå den heilt ferske boka si "Der ingen var einsam".

 

Arill Riise var 9 år då det store snøraset gjekk i Hjørundfjorden og tok med seg heimen til Arill og heile klyngetunet han så langt hadde vore ein del av.

3. oktober vart " Der ingen var einsam" lansert på Sæbø. Hareid er første stoppestad på turneen som han no gir seg ut på for å presentere boka og fortelje om livet i Klyngetunet og raset som endra alt. Han fortel om korleis dei måtte tilpasse seg kvarandre i tunet, livsglede, familiedrama, arvesynd, sjølmord og raset der Arill miste veslebroren sin.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Gunn Berit Gjerde og biblioteket.

Boksignering v/ Norli, Blåhuset

Avgrensa plassar.

Alle foto: Samlaget

VELKOMEN