Litteraturkveld med Geir Gundersen og Vox Virorum: "Mi sorg er lys". Tysdag 11. februar, kl. 19.00

Litteraturkveld med Geir Gundersen og Vox Virorum: "Mi sorg er lys". Tysdag 11. februar, kl. 19.00

Sunnmøringen Geir Gundersen er kjend frå 40 år med radioandakter, som leiar for Diakonhjemmet og Blåkors og som prest.

På litteraturkvelden skal han fortelle om sorgprosessen han har vore gjennom etter at kjærasten hans, gjennom over 50 år, døydde av kreft.

Sorga må gjennomlevast for at ein skal kome seg vidare, seier Geir i boka som han har gitt ut om denne prosessen: "Mi sorg er lys". Han har håp om at hans opplevingar og sorgarbeid kan
hjelpe andre som opplever tap og sorg. Og det gjer dei fleste av oss.

Songgruppa Vox Virorum har leita fram songar som høver til temaet.

Det blir sal og signering av boka "Mi sorg er lys".

Gratis inngang.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Gunn Berit Gjerde og biblioteket.