Litteraturkveld med Maria Parr og Åshild Irgens. Mandag 13. oktober, kl. 18.00

Litteraturkveld med Maria Parr og Åshild Irgens. Mandag 13. oktober, kl. 18.00

Forfattar Maria Parr og illustratør Åshild Irgens kjem til Hareid med den flunkande nye barneboka si til Hareidsstemna. På litteraturkvelden skal dei lese og teikne frå oppfølgjaren til boka Oskar og eg. Den nye boka har fått tittelen "Oskar og eg. Alle tinga vi har."

Maria Parr var mykje hos besteforeldra sine på Hareid i oppveksten, og har henta inspirasjon også her ifrå til bøkene sine.
Åshild Irgens har illustrert alle bøkene til Maria Parr, så nær som Vaffelhjarte, i tillegg til ei rad andre nye norske barnebøker. 

Denne kvelden på biblioteket får vi sjå henne teikne «live» medan Maria les .

Litteraturkvelden passar for besteforeldre foreldre og barn i skulealder.

Arrangør: Gunn Berit Gjerde i samarbeid med Hareid Folkebibliotek og Hareid folkebiblioteks vener.